Legevaktsentralen

Legevakt 116 117
   
Fastlege:  
Askvoll 57734600
Balestrand  57651300
Bremanger 57796400
Fjaler 57738180
Flora 57758000
Førde 57722150
Gaular 57718240
Gloppen 57884440
Hyllestad  57789520
Høyanger  57713000
Jølster 57726240
Naustdal 57816020
Solund 57786280
   

SYS IKL hjelper deg når det hastar

Nasjonalt legevaktnummer 116 117
 

Ringer du 116 117 kjem du til legevakta i det område du oppheld deg. Er det akutt og står om liv, ring 113. 


Når du treng legehjelp, kven skal du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida på kvardagar, sjå nummer under eigen kommune
  • Legevakt 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
  • 113 når det er akutt og står om liv

Frå 1. september 2015 har legevakta same nummer i heile landet: 116 117. Du vil kome til legevakta der du oppheld deg uansett kor i Norge du ringer frå. 


Oppheld du deg utanfor medlemskommunane og ønskjer å nå legevakta i Førde må du ringe: 

  • 57 83 23 00

Dette nummeret kan brukast om du ønskjer å nå SYS IKL, men er sjølv ein annan stad i landet. Dette kan til dømes vere nødvendig om du ringer for eit sjukt familemedlem. 

 

Dette kan legevakta gjere for deg

Legevakta si oppgåve er å gje deg hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid.

Her er nokre døme:

  • smerter i brystet eller magen
  • pustevanskar
  • akutt sjukdom eller alvorleg forverring av kronisk sjukdom
  • nedsett allmenntilstand hjå born
  • alvorleg akutt psykisk sjukdom/rusproblematikk evt. forgifting
  • mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • kuttskadar som må syast
  • andre skader som treng nærare undersøking evt. også med røntgenbilete
  • uklare tilstandar med urovekkande symptom
  • spedbarn med uklare symptom
 

Vanlege tilstandar der du kan prøve eigenomsorg eller avvente til fastlegekontoret har opningstid:

Hoste/feber/sår hals/forkjølelsessymptom/ øyreverk dersom symptoma ikkje er urovekkande akutte eller sterke, eller det gjeld spedbarn/pasientar svekka av annan sjukdom.

Viss du treng hjelp på dagtid, skal du ringe fastlegen din og spørje om du kan få ein time. Fastlegen vurderer då kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time på dagen viss situasjonen krev det. Du skal alltid vende deg til fastlegen din når det gjeld:

  • sjukemelding
  • fornying av resept
  • varige plager utan akutt forverring

 

Dersom det er mogeleg: Ring oss alltid og konferer før du møter opp på legevakta!

Ring og spør om du er usikker. Vi er her for å hjelpe deg! Saman kan vi finne ut kva hjelp du treng. I mange tilfelle vil vi kunne hjelpe deg på telefon, så slepp du å reise til legevakta. For å kunne hjelpe deg på best mogleg måte treng vi ofte informasjon om tilstanden din, eventuell feber, om tidlegare sjukdomar og faste medisinar. 

Dette kan vere lurt å ha i huset:

  • termometer
  • febernedsetjande stikkpiller/tablettar til born
  • smertestillande tablettar
  • nasespray
  • plaster/bandasje


Viss du må vente, er det fordi andre treng hjelpa raskare

På legevakta hjelper vi alltid dei sjukaste først. Sjølv om du har fått tildelt ein timeavtale kan det være at du må vente noko, grunna andre meir akutte og alvorlege tilstandar. Akutte (raude), og haste henvendingar (gule) vil bli teke hand om føre dei tilfella med mindre hast (grøne).

Pågangen av pasientar vil også variere, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar med ambulanse. Du vil då verte informert om dette frå hjelpepersonellet i legevakta.

Sist endra 07.01.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
   
English version English version
VED AKUTT ALVORLEG SJUKDOM OG SKADER; RING NAUDNUMMER
Sunnfjord og ytre Sogn interkommunale legevakt
Login for redigering Login for redigering