Vanlege tilstandar der ein kan prøve eigenomsorg eller avvente til fastlegekontoret har opningstid:
Hoste/feber/sår hals/forkjølelsessymptom/ øyreverk dersom symptoma ikkje er urovekkande akutte eller sterke, eller det gjeld spedbarn/pasientar svekka av annan sjukdom.
Viss du treng hjelp på dagtid, skal du ringe fastlegen din og spørje om du kan få ein time. Fastlegen vurderer då kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time på dagen viss situasjonen krev det. Du skal alltid vende deg til fastlegen din når det gjeld:
- sjukemelding
- fornying av resept
- varige plager utan akutt forverring
Dersom det er mogeleg: Ring oss alltid og konferer før du møter opp på legevakta !
Ring og spør om du er usikker. Vi er her for å hjelpe deg! Saman kan vi finne ut kva hjelp du treng. I mange tilfelle vil vi kunne hjelpe deg på telefon, så slepp du å reise til legevakta. For å kunne hjelpe deg på best mogleg måte treng vi ofte informasjon om tilstanden din, eventuell feber, om tidlegare sjukdomar og faste medisinar.
Dette kan vere lurt å ha i huset:
- termometer
- febernedsetjande stikkpiller/tablettar til born
- smertestillande tablettar
- nasespray
- plaster/bandasje
Viss du må vente, er det fordi andre treng hjelpa raskare
På legevakta hjelper vi alltid dei sjukaste først. Sjølv om du har fått tildelt ein timeavtale kan det være at du må vente noko, grunna andre meir akutte og alvorlege tilstandar. Akutte (raude), og haste henvendingar (gule) vil bli teke hand om føre dei tilfella med mindre hast (grøne).
Pågangen av pasientar vil også variere, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar med ambulanse. Du vil då verte informert om dette frå hjelpepersonellet i legevakta.