Legevaktsentralen

Legevakt 116 117
   
Fastlege:  
Askvoll 57734600
Balestrand  57651300
Bremanger 57796400
Fjaler 57738180
Flora 57758000
Førde 57722150
Gaular 57718240
Gloppen 57884440
Hyllestad  57789520
Høyanger  57713000
Jølster 57726240
Naustdal 57816020
Solund 57786280

   

Overgrepsmottak i Sogn og Fjordane

Vi har eit overgrepsmottak som dekker mottak, undersøking, sporsikring og behandling for både seksuelle overgrep og dei som har vert utsatt for vald i nære relasjonar. Vi er døgnbemanna med sjukepleiarar og legar i vaktberedskap. 

Korleis kjem du i kontakt med oss?
 

  • Ring legevaktsentralen SYS-IKL på telefon 57 83 23 00 eller 116 117, og be om å bli satt over til overgrepsmottaket.


Du kan henvende deg anonymt, og treng ikkje å oppgi personalia eller kva saka gjeld, før du vert satt over til oss. Du kan ta kontakt på telefon for rådgiving eller avtale om oppmøte hjå oss. Du kan også ta kontakt på vegne av andre enn deg sjølv. Du treng ikkje tilvising frå lege for å komme til oss. 

 

Tilbodet er gratis!

Du får dekka transport til overgrepsmottaket. Undersøking, medisinsk behandling og oppfølginga du får vil vere utan kostnad for deg. Du får også tilbod om gratis bistandsadvokat. 

 

Kvar held vi til?

Mottaket ligg i eigne lokale i austblokka ved Førde sentralsjukehus, har skjerma inngang og du kan komme til mottaket utan å treffe på andre enn sjukepleiaren og legen som tek imot deg. Du kan også komme til oss ved kontakt med legevakta SYS-IKL. 
 

Kva hjelp kan overgrepsmottaket gi?

Vi gir behandling med omsyn til infeksjonsrisiko, uønskt graviditet og eventuelt fysiske skadar etter eit overgrep. Du får hjelp til oppfølging vidare i helsesporet i høve fysisk og psykisk helse. Du får tilbod om gratis bistandsadvokat i inntil 4 timar, og historia og rettsmedisinske spor vert dokumentert på ein måte som held i rettsystemet. Dette gjer det enklare for dei overgrepsutsette dersom dei i etterkant vel å anmelde saka, og sikrar deira rettstryggleik i tillegg til den medisinske behandlinga. 
 
 

Tidsaspektet

Det er viktig at du kjem til overgrepsmottaket snarast mogleg etter eit overgrep, for å få den beste helsehjelpa og best mogleg dokumentasjon av kva som har skjedd. Det er viktig å ikkje vaske seg eller byte klede før du kjem til oss. Kom som du er! 


Det er ingen tidsfrist for å ta kontakt, og du kan også henvende deg til oss, lang tid etter at overgrepet har skjedd. 

 

Vi har teieplikt 

Vi vil understreke at teieplikta etter helsepersonellova gjeld for dei som tek kontakt med oss. Det er den overgrepsutsette sjølv som vel om saka skal anmeldast eller ikkje, og dette spørsmålet treng du ikkje å ta stilling til når du kjem til oss. Alle opplysningar som vert gitt til oss vert lagt i lukka journal. Du bestemmer sjølv kva informasjon som kan gå vidare til eigen lege eller andre i hjelpeapparatet.