KAD-eining
Kommunal akutt døgneining er ei kommunal teneste for pasientar som treng behandling og observasjon, men ikkje nødvendigvis spesialisert behandling i sjukehus.
Kommunal akutt døgneining er ei kommunal teneste for pasientar som treng behandling og observasjon, men ikkje nødvendigvis spesialisert behandling i sjukehus.
Hos oss kan pasientar der diagnosen er kjent og som har behov for enkel medikamentell behandling og observasjon, få den behandlinga som er naudsynt. Vi har også eit tilbod for pasientar med behov for avrusing. Forventa liggetid er mindre enn 72 timar.
Avdelinga er bemanna heile døgnet med sjukepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. I tillegg har avdelinga eigen lege på dagtid, og lege frå legevakta har tilsyn med pasientar på kveld, natt og helg.
Avdelinga har 7 einerom med eigne bad, i tillegg til eit rom for avrusing. Eitt av romma er innreidd som isolat for pasientar med smittsame sjukdommar. Alle aldersgrupper, både born og vaksne kan ligge på KAD.
KAD-eininga er ei lovpålagt døgnteneste som alle kommunar må tilby frå 01.01.2016 (Helse- og omsorgstjenesteloven §3-5 tredje ledd). Frå 01.01.2017 gjeld dette også pasientar med psykiske- og rusrelaterte helseproblem. Hjå SYSIKL er KAD-eininga driven og eigd av kommunane i legevaktsamarbeidet. I tillegg kjøper Bremanger kommune tenesta av SYSIKL.
For at ein skal kunne bli innlagt på KAD-eininga må ein henvisast av anten fastlege eller legevaktslege, og vere busett i ein av kommunane som eig eller kjøper tenesta. Ein person som i kortare tid oppheld seg i ein av kommunane kan også leggast inn. Ein kan ikkje leggast inn utan henvising frå lege.
For å kome i kontakt med KAD-eininga kan ein ringe legevaktsentralen heile døgnet på tlf 57 72 37 45 eller 940 84 875 direkte til ansvarshavande sjukepleiar.
Legevakt (heile døgnet): 116117
(578 32 300 frå anna legevaktdistrikt)
KAD: 578 31 482
Administrasjonsnummer: 577 23 745 Overgrepsmottaket: 577 23 748
Svanehaugvegen 2, Hildrabygget
6812 FØRDE
SYS IKL
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE