Betaling

Eigenandel

Vi krev eigenandel etter offentlege takstar på same måte som hjå fastlegen. I tillegg til legekonsultasjon kjem utgifter til medikament, bandasjemateriell, utstyr og forskjellige prøver (urinprøver, blodprøver osb.). Satsane er fastsett av Helfo og heng til gjennomsyn på venterommet. Du kan også sjå takstane her.

Du blir kravd eigenandel sjølv om du blir frakta til legevakta i ambulanse og om du vert innlagt/henvist vidare til sjukehus eller kommunal sengepost (KAD-eining). Ved manglande betaling vil du få tilsendt giro i posten med eit fakturagebyr.

Om du det føreligg medisinsk grunn til transport i drosje, kjem eigenandel til drosje i tillegg. Denne betalast direkte til transportør.

Fritak for eigenandel

Nokre pasientgrupper er fritekne frå eigenandel. Merk deg at ein må likevel betale for medikament, vaksinar, bandasjemateriell og utstyr o.l

Pasientgruppene det gjeld er mellom anna:

  • Born under 16 år.
  • Soldatar i førstegongsteneste.
  • Gravide med sjukdommar relatert til svangerskapet.
  • Personar med allmennfarlege smittsomme sjukdommar.
  • Personar med frikort. Du er sjølv ansvarleg for å vise frikortet ditt til helsepersonellet på legevakta. Les meir om frikort her.

Klage på rekning

Til tider kan det skje at rekningar blir registrert feil. Om du har frikort er det viktig at du viser dette når du kjem til legevakta. Har du ikkje med deg eller unnlatar å vise frikortet må du betale full pris for legekonsultasjonen. Beløpet blir automatisk refundert av Helfo når det er meldt inn der. Merk deg at det kan ta opptil 1 månad før desse opplysningane er blitt registrert hjå Helfo.

Merk deg at du også vert kravd for legekonsultasjon, eventuelle prøver og utstyr med meir, også om du kjem til legevakt i ambulanse og/eller vert henvist vidare for innlegging på KAD-avdeling eller sjukehus. Dette gjeld også pasientar som blir sendt til røntgenundersøking og/eller vidare behandling i spesialisthelsetenesta (sjukehus).

Betaling gjennomførast på betalingsautomaten på venterommet. Ved manglande betaling blir det først sendt ei betalingpåminning per SMS om vi har registrert telefonnummeret ditt. Om ikkje blir det sendt faktura med gebyr.

Meiner du likevel at du har motteke ei rekning du ikkje skal ha, eller har betalt sender du ein e-post til: betaling@sys-ikl.no
E-posten må innhalde: Fakturanummer og konsultasjonsdato. Skriv begrunning til kvifor du meiner at rekninga er uriktig. Ikkje send fullt personnummer eller helseopplysningar via e-post.

Har du ikkje høve til å sende oss e-post, kan du ringe 57 72 37 45 i kontortida på kvardagar. Vi har ikkje høve til å ta imot henvendingar om rekningar på kveldstid og i helgedagar.